Howden
Utsjånad
| Howden | |||
| by | |||
Howden Minster og marknadskrossen. Foto: DS Pugh | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | East Riding of Yorkshire | ||
| Folketal | 4 142 (2011)[1] | ||
| Postnummer | DN14 | ||
| Retningsnummer | 0 1430 | ||
![]() Howden 53°44′39″N 0°51′48″W / 53.744111111111°N 0.86341666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: Howden | |||
Howden er ein liten marknadsby i grevskapet East Riding of Yorkshire i England. Han har kring 4 000 innbyggjarar, og ligg om lag 5 km nord for Goole og 27 km sørvest for York. Vilhelm Erobraren gav byen til biskopen av Durham i 1080.[2] Howden Minster, ei av dei største kyrkjene i East Riding, ligg midt i byen.
Namnet Howden er avleidd frå gammalengelsk hēafoddenu, som tyder ‘hovuddal’.[3]
Howden ligg i den flate Vale of York og er omgjeven av eit flatt landskap med myr nokre stader. Han ligg ved vegen A614, som no går rundt byen, og i nærleiken av motorvegane M62 og M18. Goole ligg nær Howden, på andre sida av elva Ouse. Howden jernbanestasjon, som ligg i North Howden, har samband til Leeds, Selby, York, Hull og London.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Key Statistics»; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition); vitjingsdato: 23. juni 2025.
- ↑ «Howden Minster». Howden Minster. Arkivert frå originalen 14. februar 2007. Henta 20. juli 2006.
- ↑ «Key to English Place-names». kepn.nottingham.ac.uk. Henta 29. september 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Howden» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2011.
